To nye fagbrev i industritekstil
Dominik og Kylian.
To av våre dyktige medarbeidere har fått fagbrev i industritekstil gjennom ordninga Fagbrev på Jobb.
Begge har fullført både teoretisk skriftleg eksamen og ei fagprøve i bedrifta.
Fagbrev på jobb er ei opplæringsordning for vaksne arbeidstakarar for å kunne ta fagbrev. I denne ordninga har dei fått oppfølging frå Innvik og det lokale opplæringskontoret i godt samarbeid.
Som lærebedrift har Innvik ein fantastisk mogelegheit til å skreddarsy framtidig bemanning. Samtidig tek vi eit stort samfunnsansvar ved å vere lærebedrift. Vi er sikre på at nye auge og ny kompetanse inn i bedrifta vår vil vere ei lønnsam investering.