Årets Bedrift på Nordfjordtreffet
Foto: Fjordabladet
Innvik AS vart kåra til Årets Bedrift på Nordfjordtreffet i april 2023.
Grunngjevinga:
Familebedrifta har dei siste åra gjennom ulike utfordringar som finanskrise og covid-pandemien, vist sterk omstillingsevne og har gjort strategiske grep som har ført til både vekst og utvikling. Innvik AS er ein av dei mest respekterte innan sin bransje. Erfaring, kvalitet og kompetanse er i fokus, og dei har samarbeid med fleire leiande aktørar i Europa. Selskapet har stor internasjonal vekst, og er ei hjørnesteinsbedrift i Innvik. Selskapet sysselset i dag over 50 personar og bidreg til eit levande bygdesamfunn. Innvik AS har også eit svært tydeleg fokus på berekraft. Mellom anna har dei som målsejing å bli CO2 nøytrale, og investerer over 50 millionar kroner for å nå dette målet. Innvik AS er ein verdig vinnar av «årets bedrift».
– Ein viktig årsak til at vi kan motta ein slik pris, er dei tilsette i alle ledd. Det hadde ikkje vore mogleg å drive tekstilfabrikk i internasjonal konkurranse frå Innvik, utan å ha dei beste folka. Det er folka våre som skaper verdiane, seier Bjørn Aage Haugen.